Vidar 2 – Fogn: 0-2 (0-0). Det blei kvelden for dei mange “for-fysste-gong-denne-sesongen-situasjonane” då Fogn slo Vidar 2 på Lassa mandag kveld. Det va årets fysste borteseier, årets fysste “clean sheet” for keeper og forsvar, årets fysste to-seirar-på-rad og for fysste gong i år kan me se på tabellen og få bekrefta at plassen i 6. divisjon 2011 e berga!
Møye sto på spel då Fogn IL troppa opp på grusbanen på Lassa mandag kveld. Vidar 2 hadde sikra seg ein sterk hjemmeseier mot Madla 2 i forrige kamp, og ville med seier mot Fogn komma opp i same poengsum som laget fra perlå i Ryfylke. Fogn på si sia kom og fra heimeseier mot Madla 2, og kunne med seier klatra heilt opp te femteplass på tabellen.
Fogns oppvarming blei, dersom me ser stort på det, mangelfull. Sannheten va nok heller at dei siste spelerane kom springande fra garderoben omtrent då dommaren blåste for kampstart, någe som fekk ver oppvarming god nok (dei som kom seint hadde gyldig grunn, då dei hadde coacha Fogns blanda U10 lag te et knepent bortetap på Roaldsøy). Ein som derimot virka te å ha varma godt opp, va Fogns kaptein Sigve, som overraskande vant stein-saks-papir duellen mot ein i overkant seiersikker Vidarkaptein. I ettertid ser me at Sigves solide seier sko visa seg å stå i stil med resten av kampen for dei mørkeblå.
1. Omgang blei rett nok ikkje någe fyrverkeri. Vidar 2 va i motsetning te Fogn, oppvarma og klare då kampen blei blåst igang, og hadde nok ballen mest, men uden å komma te någe som minna om sjansar. Fogn skapte ikkje overdrevent møye dei heller, men både Johan og Håvard hadde brukbare muligheter te å gi Fogn ledelsen før pause, uden å lykkas. I pausen va det ein uvanlig ro i spelargruppå, som virka te å veda at dersom me male videre på same måde, vil ungguttane fra Vidar 2 snart bli for veike og urutinerte.
Denne følelsen viste seg å stemma på ein prikk, for 2. omgang va kun tri minutter gammal då Johannes slo ballen te Johan, som kom skrått på mål fra høyresiå og slo inn te Roman (blei bytta inn ved pause, mao. genitrekk av trenaren) som satte ballen sikkert i mål med høyrefoten, 0-1!
Dei som trodde at dette tente heimelaget sånn at kampen blei jevnare tar meget feil. Den einaste som nesten bidrog te spenning i kampen va ein någe hissig Svela, som nesten fekk rødt kort ved to situasjonar. Fysst kom han i klammeri med ein Vidarspiss, någe som endte med at begge bare fekk gult kort. Deretter va Svela igjen innblanda i ein situasjon der dommaren va på veg ner i lommen etter kortet, men då Svela satte på den gutteaktige sjarmen sin, smelta dommaren akkurat nok te at Fogn fekk fullføra kampen med 11 mann.
Etter 70 minutter kom den bermøte spikeren i ei allerede godt lukka Vidarkista. Jakob slo ein krempasning fra midtbanen, over forsvaret, te Johan som kom på et godt løp. Aleina med keeper gjorde Johan alt rett, og kunne fastsetta sluttresultatet te 0-2!
Avslutningen av kampen blei prega av at Fogn hadde full kontroll, og at Vidar va frustrerte over ett eller aent (høyst sannsynlig manglande ferdigheter te å matcha et så godt lag som Fogn IL). At spelerane deiras va unge og urutinerte viste seg godt igjen i at dei ved fleire anledningar spente vekk ballen etter at dommaren hadde blåst, som for å hala ut tiå. Vårt tips te Vidar 2, som mulighens tar turen ner i 7. divisjon neste år, e å bare hala ut tiå i dei kampane dåkk lede. Det blir litt dumt å hala ut tiå fordi dåkk e overdrevent fornøyd med et hederlig tap
Fogn e nå på ein meget sterk femteplass på tabellen, ein femteplass som me vil beholda dersom me vinne ein av dei tri resterande kampane (som forøvrig blir spelt i løpet av dei neste 10 dagane. Me e uansett berga, så heimesupporterane kan pusta letta ut i vissheten om at det blir 6. divisjonsfotball på Fogn Stadion og neste sesong!
Kampfakta:
Fogns lag: Trond Egil – Sigve – Olav – Svela – Håkon – Rasmus – Ivar – Jakob – Håvard – Johannes – Johan
Benyttede reserver: Roman – Morten
Mål: Roman, Johan
Assists: Johan, Jakob
Gult kort: Svela
Siste kommentarer